fredag 2. mai 2008

Skumle babyar.....

Det er ikkje alle her i familien som synds det er like stas med små søte babyer. Edvina og Mattis synds dette er frykteleg skummelt og vil helst at dei berre ska forsvinne. Dei freser og knurrer når dei nærmer seg fødekassen og når dei kjem neste heilt bort spring dei for harde livet ;) Dei e så rare. Sjølvsagt har me forståelse for kvifor dei er skeptiske, men me klarer ikkje la være å le for det e så komisk.

Her e eit bilde av Mattis som møter Chandler for fyrste gong.





Edvina elskar å ligge i senga vår å sove, men er no blitt ganske skeptisk til dette fordi det ligg 4 små pipedyr inni ein kasse på det rommet. Idag turde ho å gå inn, men det endte med at ho blei introdusert til Phoebe, nåke som ikkje falt i smak. Ho styrta ner trappa og kom ikkje komme opp igjen på mange timar ;)







Ingen kommentarer: